«MINE HEILAGE TRE KONGAR».
Eit samtidskritisk fortellarteater med religiøs brodd.
Da ein eldre herre ser ei kjøpesenter-utstilling av Jesusbarnet, stallen og dei tre heilage kongane nedlesst med gåver raserer han utstillinga. For like attmed står ein mann med to svoltne ungar og ser ned i Frelsesarmèens tomme matkasse.
Han blir tatt av butikksjefen som ber han forklare seg, og da fortel den eldre herren ei historie frå 1970-tal da han som ung student stod på Østbanen lille julaftan med ei krone i lomma og lengta nordover og heim til jul. Fullstappa tog, og ikkje ein billett er å få kjøpt. Da kjem ein mann bort til han og rekker ut ei hand, og så byrjar ei reise der han møter folk som syner han noko om kva dei tre heilage kongane skal stå for, og at ein slettes ikkje skal heidra dei med gåvefråtseri tett ved penglause folk som treng mat til jul.
Monologen fortel om eit Noreg før oljerikdomen, da vi var litt fattigare og mindre egoistiske, men såg kvarandre og hjelpte kvarandre.
Fortellarteatret er skriven av Torvald Sund og skal framførast av skodespelaren Torstein Andersen.
Urpremiere er i Ramsvik kirke, Råkvåg, den 17.november, og så står fleire kjerker for tur, heilt fram til den siste forestillinga i Levanger kirke på Heilage tre kongars dag den 6.januar 2024.